Velkomen til Glopperock 2025.
Festivalområdet:
På Sandane Stadion – Idrettsplassen ligg i Sandane sentrum.
Vi kjem til å sette ut mengder av benkar og bord på området, men vi vil òg lage til eit område opp mot
Firdavegen for dei som har med eigne stolar. Dette er noko begrensa og vi håpar flest mogleg kan nytte seg av det som høyrer til på konsertområde
Opningstider konsertområdet
Laurdag: kl.17.00 – kl. 01.30
17:00 Dørene opnar.
18:00 Opning ved Erling Sande
18:10 Oddny
20:00 Åge Aleksandersen & Sambandet
23:30 Kokken Tor
01:00 Konsertane og skjenkinga sluttar
01.30 Konsertområdet stengast.
Bytte billett til band
Laurdag 14.juni ved Extra Sandane kl.11.00 til 17.00
Laurdag 14.juni ved Sandane Stadion kl.16.45 til 01.00
Merk at det er personleg frammøte.
Billett skal sjekkast/skannast ved inngang og innløysast i armband, noko som tek tid med så mykje publikum. Møt opp i god tid så du er klar til konsertstart!
Gratis inngang for ledsager:
Innehavarar av gyldig ledsagerbevis kan ta med éin ledsager som får gratis inngang til festivalen.
Billettkjøp: Personen med ledsagerbevis må kjøpe ordinær billett til festivalen. Ledsager treng ikkje eigen billett, men må følgje innehavaren ved inngangen.
Framvising av bevis: Ledsagerbeviset må visast ved inngangen saman med gyldig ID, ledsagars namn blir ført på eiga liste.
Har du mista billettane dine? Slik hentar du ut nye billettar:
Du hentar nye billettar ved å logge inn på Ticketco
Link her: https://ticketco.events/no/nb/m
Aldersgrense:
Konsertområdet har 18 års aldersgrense. Hugs ID!
Dette kan du ikkje ta med deg inn på konsertområdet
- Medbrakt mat og drikke
- Grill/anna påtenningsutstyr
- Skarpe gjenstandar, t.d. paraply
- Video- eller lydopptaksutstyr
- Hund eller andre husdyr
- Spegelreflekskamera
- Selfiestang
- Flasker og termosar etc.
- Gjenstandar forbode etter norsk lov
- Vaktene kan nekte publikum å ta med gjenstandar dei vurderer kan vere ein risiko inne på konsertområdet, men dei kan også utvise skjønn om du har spesielle behov.
Transport – Buss til Byrkjelo
Det blir bussruter heim etter festivalen laurdag.
Bussen går frå Firdavegen kl. 01:30 til Byrkjelo.
Du kjøper billett ved ombordstigning.
Parkering
Festivalparkering ved Trivselshallen Idrett og i Sandane sentrum.
Mat og drikke
Det blir selt hamburger og pølse på konsertområdet, og du vil kunne kjøpe både alkoholholdige og alkoholfri drikke.
Medbrakt mat og drikke er ikkje tillat
Andre spørsmål e-post til presse@glopperock.no