Heisann Glopperock venner.

Saman med deg hadde vi gleda oss veldig til konsertar i Jølet på Nordfjord Folkemuseum. Der vi har hatt svært mange gode konsertopplevingar sidan starten i 1980, då Åge Aleksandersen & Sambandet sto øverst på plakaten. Slik vert det som kjent dessverre ikkje i år heller.

Med regjeringa sine arrangement restriksjonar som er lagt fram og covid-19 smittesituasjonen, ser vi oss nøydde til å heller lade opp til ei fullverdig festivalhelg til neste år. Kohortar, faste seter og fare for smittespreiing kan forhåpentlegvis være historie når vi no planlegg for Glopperock 2022.

Arbeidet med Glopperock-festivalen 2022 er godt i gang.
Vi er svært glade for at årets hovudartist Åge Aleksandersen & Sambandet, samt Kokken Tor med gjesteartistane Andrea Santiago og Alice Hugøy, samt Honndalen Soul & Funkarlag har stadfesta speling på neste års Glopperock laurdag 11.juni. I tillegg kjem eit større norsk band.
Fleire artistar følgjer.

Kjøpte billettar til Glopperock 2020 laurdag 13.juni, og Glopperock 2021 laurdag 12.juni blir automatisk overført til neste år, og gjeld som nytt billettkjøp til Glopperock 2022 laurdag 11.juni i «Jølet» på Nordfjord Folkemuseum. Vi vonar du set av denne helga og beheld billettane dine!

For å overføre billetten til neste år treng du med andre ord ikkje gjere noko som helst.
Vi vil opne opp for å få refundert billetten om du ønskjer det, men håpar du beheld billetten så vi kan kome sterkare tilbake neste år. Billettgebyr vert IKKJE refundert.
For refundering: Fyll ut skjema under innan refusjonsfristen 20.juni.

Vi vonar du vil hjelpe oss i denne ekstraordinære situasjonen.
Det vil være svært mykje lettare for oss å jobbe med neste års Glopperock med Åge Aleksandersen & Sambandet om vi har deg med på laget!
Vi vil takke deg for tolmod og forståing for denne situasjonen. Ta som alltid vare på kvarandre, og følg råd og tiltak ifrå helsemyndigheitene.

Styret i Gloppen Musikkforum. Stolt arrangør av Glopperock 2022.

– Vil du overføre billetten til neste år, så treng du ikkje gjere noko.

– For refusjon av billettar, send inn skjemaet under innan 20.juni 2021. Billettgebyret vert IKKJE refundert.


Skjema billettrefusjon Glopperock 2021

Fornavn brukt ved billettbestilling
Etternavn brukt ved billettbestilling
Epost brukt ved billettbestilling
– for overføring av refusjonsbeløp.
Sjå vedlagt billett. Har du fleire billettar – bruk meldingsfeltet
Skriv inn kor mange av dine kjøpte billettar du ønskjer refundert