Det kritikarroste bandet Oddny kjem til Sandane 14. juni, og vert fyrste band ut under Glopperockfestivalen sitt hovudarrangement. Oddy har markert seg med låta «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. I 2024 vann dei Luttprisen i kategorien «Årets nykommar», og får stadig merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, samt for å være eit unikt liveband med ei heilt eigen sceneframferd. Dette melder pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad i Gloppen Musikkforum
Vi er særs glade for at vi har fått Oddny med oss på laget, og gler oss til at dei skal få varme opp for sjølvaste Åge & Sambandet. Bandet vert ein glimrande start på dette arrangementet, og vi har som mange andre stor tru på at bandet vil vekse i tida framover.
Gutane i Oddny har hovudkvarter i «Gamlehuset på Håjen» i Bremanger, der dei i periodar bur, musiserer, skriv og spelar inn nytt materiale. Dei gjev ut musikken på eige selskap (HotWater) der trommeslagar og produsentspire Oliver Igland styrer spakande. Både han og låtskrivar Iver Strand Senneset er frå Bremanger, medan resten av besetninga er Bartek Galek frå Førde og Edvard Røgeberg er frå Sandane. Alle har dei gått på musikklinja på Firda Vgs, så no skal endeleg Glopperockpublikumet få oppleve resultatet av at dei har gått ein knakande god skule, smiler pressesjef Gloppestad
Oddny vert saman med Kokken Tor m Laila B og Åge & Sambandet banda som vil stå på scena under storhendinga som i 2025 går føre seg på Sandane Stadion. Gloppestad melder avslutningsvis at interessen og den positive responsen for arrangementet er stor og inspirerande, og ser verkeleg fram til ein flott dag i juni!