fbpx

Teachers of Rock vert med på folkefesten

Årets lokale aktør under Glopperockfestival nr. 39 i rekka er bandet Teachers of Rock, beståande av rutinerte musikarar utelukkande tilsett hjå Gloppen Ungdomsskule. 

Vi gler oss over at bandet vil bidra til arrangementet som vil foregå på Heradsplassen 10.juni, og eg er ikkje i tvel om at det vert ei eit bidrag smekkfull av kvalitetsrock frå start til slutt, seier pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad på vegne av Gloppen Musikkforum. 

I skulekvardagen jobbar dei med ulike fag, men denne kvelden skal dei samle seg og få legge all undervisningstynge i rockehistorie. Det vert låtar frå storheiteter som Jimi Hendrix, Tom Petty og Red Hot Chilipeppers, og på trass av at bandet er relativt ferskt, har kvar enkelt brei erfaring med seg i bagasjen, seier Gloppestad. Kjemien og samspelet er det ingenting å sei på, og eg er heilt overbevist om at dette vert eit bidrag som publikum kjem til å leve lenge på. 

Teachers of Rock er tredje band på plakaten solangt, og vil under festivalen sitt hovudarrangement dele scene med allereie annonserte Smokie og Kokken Tor. 

Bandet består av:

Timothy Neuenschwander – Vokal

Torgeir Apalset – Gitar

Bjarne Lestra – Sax

Vidar Apalset – Bass

Stig Magne Hegrenes – Trommer

Scroll to top