fbpx

Kokken Tor & Laila B klare for Glopperock 

Når Åge & Sambandet takkar for seg etter deira aller siste konsert i Nordfjord, vert scena rigga om og gjort klar for kveldens siste aktør. Då er nemleg bandet Kokken Tor m Laila B klare for å toppe kvelden og gje publikum ei solid avslutning på Sandane Stadion! Det annerkjente coverbandet har ry på seg til å heve feststemninga til taket, og repertoaret vil bestå av det absolutt beste av norske rockeslagerar. Publikum vil få ta del i ein hardslåande hitkonsert med låtar frå ma. DumDum Boys, DeLillos, Jokkke, CC Cowboys og Ingenting. Karane i Kokken Tor har lang erfaring på vegen, og med enorm spelelyst vert dei stadig meir populære og etterspurt. Bandet vert hyppig omtala som det «galnaste» og «råaste» partybandet som rullar på norske vegar, so det ligg an til ei pangavslutning! 

Med seg på laget tek dei med seg Laila B. Førde på saksofon og vokal, som vil som vil fylle lydbiletet ytterlegare og bidra til at kvelden vert komplett. 

Kokken Tor er: 

  • Vokal/gitar: Torbjørn Gran
  • Gitar: Kim Arin Schei
  • Bass: Kristian Roset
  • Trommer: Åge Nygård
  • Lydmaestro: Geir Nygård
Scroll to top