Hovudarrangementet til neste års Glopperockfestival nærmar seg fullteikna
Det har blitt jobba lenge i kulissane for å forme innhaldet til Glopperock 2024, og vi i Gloppen Musikkforum kan med stor glede presentere dei fyrste aktørane som no er klare. Vi gjentek deler av oppskrifta frå ifjor, så laurdag 8.juni vert Heradsplassen omgjort til ein festarena med eit program som bør fenge dei fleste. Dette vert hovudarrangementet for det komande året, og det jobbast samstundes aktivt for å kunne offentleggjere nye sprell etterkvart som avtalar er spikra.
Plumbo:
Årets hovudaktør under festivalen er bandet Plumbo, som med hit´en Møkkamann vann Spellemannsprisen for Årets hit i 2011. Utdelinga gav bandet og frontfigur Lars-Erik Blokkhus framsideplass i alle landsdekkande aviser, og heile Noreg hadde brått ei meining om bandet. Sidan dengong har bandet turnert hyppig, og stadig gjeve ut ny musikk til glede for unge og vaksne fans. Plumbo har ikkje spelt i Gloppen før, og fleire har etterspurt bandet tidlegare år. No greip vi sjansen, og gler oss til å dele opplevinga på tvers av generasjonar
Plumbo består av:
- Lars-Erik Blokkhus – gitar og vokal
- Tommy Løken-Elstad – bass
- Glenn Hauger – trekkspill og fløyte
- Elg Knutsen – trommer
- Henning Hoel Eriksen – keyboard
The Promise – a tribute to Springsteen
Alle elskar Bruce Springsteen, og sidan originalen plukka ut Bergen som besøksstad for 2024, tok vi tak i det nest beste alternativet. The Promise er eit 9-mannsband som for dette høvet vil hylle Springsteen sitt kommersielle høgdepunkt, nemleg plata «Born in th U.S.A», frå start til slutt. Ettersom det i starten av juni er 40 år sidan denne plata såg dagens lys, passar det perfekt å markere dette under Glopperock i år. Med ei sopass stor besetning på scena vert det utvelsamt trøkk frå start til slutt, og ein pangstart for Glopperock 2024 sitt hovudarrangement laurdagskvelden.
Hit Station:
Morten Fredheim, kjend frå The Voice, stiller på med bandet Hit Station. Bandet vil være siste aktør ut for kvelden, og vil spele dei største hitlåtane frå 80-talet og fram til notid. Lista er lang og spenner seg frå Van Halen, innom A-ha og til Taylor Swift. So absolutt noko for ein kvar smak, og showet vil bli ispedd ekstra pyroeffektar for å gjere kvelden komplett for dei som vert med oss i allsongen til siste slutt.
Julegåvepotensiale:
Tradisjonelt sel vi mange billettar i desember, so vi kastar oss rundt og startar difor billetsalet allereie no før jul . Med det kan mange som har julegåvepresset på seg puste letta ut, for no har vi lansert eit godt alternativ mange kan vurdere å legge under juletreet i år