fbpx

Naboen Min til Trivselsskogen og Glopperock

Gloppen Musikkforum gjentek suksessen frå fjorårets jubileumsfestival og har booka Naboen Min til gratis familiekonsert i Trivselsskogen. – Det er ein særs kreativ og morosam duo som kjem på besøk til TIN-campen i år, og eg ser verkeleg fram til å oppleve borna sin reaksjon denne søndagen på festivalen sin siste dag 11.juni. Det melder pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad som gler seg over at denne brikka no fell på plass for årets Glopperock. Vi har eit stort ynskje om å presentere musikk for den yngre garde, og vi syns Trivselsskogen og området kringom er heilt rett plass å nytte seg av til dette høvet. Vi hadde ei flott oppleving med Meg og Kammeraten min i 2022, so dette er eit konsept vi gjerne vil satse på. 

Naboen Min er ein duo frå Norheimsund beståande av Vegard Markhus og Bjørnar Sangholt. Vegard har lenge vore barnebokforfattar, medan Bjørnar har vore musikar og produsent for mange kjende namn og artistar. Den samla erfaringa deira vart etterkvart smelta saman til prosjektet som no kjem til Glopperock, og i 2019 kunne dei plassere sin fyrste Spellemannspris på peishylla, då for plata «Rockesock»  i kategorien Barnemusikk

Desse har synt gjennom si hyppige turnering at dei meistrar oppgåva å underhalde både dei yngste og eldste. Anten er det er gjennom danseframkallande rytmar og tekstar med mykje humor eller det meir alvorlege i viseform, tek dei publikum med seg på ei finfin oppleving. Eg må òg fraheve at bodskapen vert levert på finaste vis, nemleg gjennom nynorske tekstar,  påpeikar Gloppestad. 

Det er langt ifrå kostnadsfritt å arrangere slike konsertar no til dags, og vi er difor særs glade for å ha fått tildelt midlar frå Sparebankstiftinga til dette arrangementet. Det er viktig for oss at denne type konsertar er tilgjengeleg for alle, og med dei med på laget vil dette være eit gratisarrangement, avsluttar ein lukkeleg Gloppestad på vegne av styret.  

Scroll to top