fbpx

KOKKEN TOR med Laila Beathe Førde

KOKKEN TOR er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som inneheld det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hit-konsert med låtar frå DumDum Boys, deLillos, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget med fleire. Bandet består av musikarar med bakgrunn frå mange år på vegen i forskjellige band. I tillegg til eit energisk sceneshow er Kokken Tor kjend for å gje det dei har for at lokalet skal koke opptil fleire gongar før arrangøren kuttar straumen! Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.

Kokken Tor har medlemar frå Sandane, Stryn, Bremanger og Florø: Vokal/gitar: Torbjørn Gran, Gitar: Kim Arin Schei, Bass: Thomas Lillerovde, Trommer:  Åge Nygård.

Laila Beathe Førde er ein allsidig musikar som med tida har gjort seg bemerka som ein solid saksofonist og vokalist. Ho er til no mest kjend frå si tid i gruppa Fabel og som frontfigur i sitt eige band: Laila B Band. I 2023 har ho vore (aktuell) på Noregsturné med The Nordic Floyd Show og dette har verkeleg blitt ein boost på mange plan. Laila B har eit stort spekter å spele på – heilt frå det vare til rå. Saman med Kokken Tor får Laila verkeleg brukt seg sjølv og den råheta som bur både i stemma og saxofonane! 
Gled deg til eit forrykande show frå denne dama, laurdag 10.juni saman med Kokken Tor på Glopperock!

Scroll to top