fbpx

Smokie til Glopperock 2023

Logo Glopperock

Det er stort å endeleg kunne annonsere at årets hovudband er britiske Smokie! Med på laget stiller Kokken Tor,  og vi gler oss til å fylle Heradsplassen med godstemning ein solfylt junidag i Sandane sentrum!

Smokie har passert 40 millionar selde plater og singlar sidan 1975, og har med eit kobbel av hits gjort seg fortent til å være det bandet som har lengst fartstid på VG-lista, med Beatles på ein heiderleg sølvplass! Bandet har ikkje vore på Sandane før, men har definitivt vore etterspurt blant våre ivrige Glopperockfans!

Kokken Tor har vi hatt på plakaten tidlegare, og dei leverer eit forrykande show, kvar ein gong! Dei får æra av å avrunde kvelden med eit arsenal av norske rockehits. Bandet er ute på jubileumsturné dette året, og vil markere 20 år på vegane for norsk rock.

Billettsalet startar komande onsdag på Ticketco, so sett av datoen i kalendaren og gled deg saman med oss😊

Scroll to top