fbpx

Lokale kjenningar opnar Glopperockfestivalen

Svelekameratane er klare for Gloppen Hotell, fredag 10.juni

Eidarane får æra av å starte jubileumsfestivalen, og vil rocke opp stemninga i hotellhagen på fredagskvelden. Bandet har gjeve ut platene  «Delvis Skya Oppholdsvær», «Live På Fabrikken» og «Tegnestiften», og har vore på Glopperockplakaten fleire gongar tidlegare, sist gong i 1997. Svelekameratane er ein del av den gode Glopperockhistoria, og vi er glade for at dei vil jubilere saman med oss, seier Øyvind Aasen Gloppestad i Gloppen Musikkforum


Svelekameratane (Svelene) består av:
Tom Grinde – vokal
Bjørn Dahlgren – gitar
Rune Standal – slagverk
Knut Inge Bjørneset – bass
Sverre Brungot – gitar

Scroll to top