fbpx

Meg og kammeraten min til Glopperock.

Meg og kammeraten min til Glopperock – Søndag 12.juni i Trivselsskogen.

Borna får sin eigen dag under årets festival.

Det er ikkje berre dei vaksne som skal få ta del i Glopperock, no vil vi gje borna ei kulturell oppleving i Trivselsskogen, seier pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad. 

Med konsert på TIN-campen ynskjer Gloppen Musikkforum å glede spesielt den yngre garde med ei sjeldan konsertoppleving. Etter over to år med pandemi er det nok fleire av dei minste som endå ikkje har fått oppleve det å gå på konsert, og det ynskjer vi å ta tak i. Vi har teke mange runder på kven som skulle få det ærefulle oppdraget, og vi landa til slutt på at «Meg og kammeraten min» passar perfekt, seier Gloppestad.

Meg og kammeraten min er ein duo med brei erfaring med konsertar for born og unge. Festivalar, kulturhus, barnehagar og skular i heile Noreg har vore smekk fulle når dei har hatt besøk av desse to, til stor glede for dei små, men også dei store. Stort vart det i 2018, når duoen samarbeida med Kringkastingsorkesteret med både konsert og innspelinga av plata Snydelig. 

Meg (Martin Hagfors), og Kammeraten (Erik Johannessen) har låtar som omhandlar alt frå dei minste detaljar til dei største tema i barn sitt liv, og som borna kjenner seg att i. Med låtar som omhandlar alt frå det å være sopass tissetrengd at ein finn opp sin eigen dans, det å ha ein robot til besteven, og det å være einsam, vert dette ein konsert som både born og vaksne kan glede seg til. 

Når dette no er spikra vil vi i tillegg til sjølve konserten sjå på moglegheiter på kva anna som kan forme denne søndagen til å bli ein minnerik dag i det fantastiske naturområdet det skal foregå, avsluttar Gloppestad, som er spent på mottakinga.

Konserten vert ein del av Glopperockfestivalen, og vil foregå på TIN-Camp i Trivselsskogen på Sandane, søndag 12.juni kl.14.00. 

Scroll to top