fbpx

Staut til Glopperock, laurdag 11.juni

Det norske bandet Staut er klare for å rocke i Jølet.

Publikumsfavorittane frå Valdres har vakse seg opp til å bli leiande innan folkrock-sjangeren, etter å ha gjeve ut ei rekke gode album sidan oppstarten i 2010. Nokre av platene har selt til gull, og dei mest kjende låtane «Sjå sole», «Slepp me inn» og «Lett å vara kødd, men det kosta a vara kar», er nokre av låtane ein jamleg får høyre om ein skrur på radioen. Fleire TV-opptredenar har det blitt, og både NRK og TV2 har i beste sendetid synt kva bandet er gode til.

Staut er ivrige på reisefronten, og har iløpet av sine 12 år turnert flittig frå nord til sør, og trekk stadig fulle hus med eit voldsomt driv og allsongmateriale.

  • Folk i alle aldrar gav oss hyppige tilbakemeldingar om at Staut er eit band det er stort ynskje om å få til bygda, og vi er ikkje i tvel om at bandet er eit energitilskot i pakken ein no får servert når vi endeleg skal tilbake til Jølet, seier pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad i Gloppen Musikkforum.

Bandet si foreløpig siste plate er kalla Makalaus, og er kalla opp etter ein lokal fjelltopp i Valdres. I juni er dei klare for å ta Glopperockpublikummet med på ein musikalsk topptur ein seint vil gløyme.

  • Førehandssalet av billettar til Glopperock er i år det høgste så tidleg før festivalen, smiler Gloppestad og ser spesielt fram til Åge & Sambandet sin einaste konsert i Vestland fylke og regionen Sunnmøre i 2022 i Jølet, Nordfjord Folkemuseum på Sandane laurdag 11.juni.

Artistlista for 40+2 års jubileumsfesten til Glopperock laurdag 11.juni er:

  • Åge Aleksandersen & Sambandet
  • Staut
  • Honndalen Soul & Funkarlag
  • Kokken Tor med gjesteartistane Andrea Santiago og Alice Hugøy.

Det vert ein god følelse å være tilbake i Jølet med Glopperock på «gamlemåten» igjen, seier pressesjef Øyvind Aasen Gloppestad og resten av Gloppen Musikkforum.

Scroll to top