fbpx

Åge Aleksandersen & Sambandet kjem til Glopperock 2022

Åge Aleksandersen & Sambandet Glopperock 2022

Det ligg mykje rockehistorikk i museumsområdet på Sandane, og no kan publikum bu seg på å skape nye minner. Glopperock 2022 går av stabelen i Jølet, Nordfjord Folkemuseum, laurdag 11.juni. Med den fantastiske arenaen og atmosfæren i botnen, ser vi veldig fram til å feire 40 + 2 år jubileum med rock og sprell saman med fjerne og nære. Årets hovudartist stod på scena under verdas fyrste Glopperock. Året var 1980, og sjølvsagt er vi stolte av å ha med oss Åge Aleksandersen & Sambandet under neste årets festival. 

Åge Aleksandersen er ein av norsk musikklivs store veteranar, og er meir populær enn nokon sinne. Konserten laurdag 11.juni i Jølet vert den einaste i Sogn og Fjordane og Sunnmøre i 2022, seier festivalsjef Remi Tystad. 

Åge sin hitlåtar «Levva livet», «Lys og varme», «Fire pils og en pizza» og mange fleire er folkeeige for publikum i alle aldrar. 

Glopperock har selt godt med billettar i 2020 og 2021, som er overført til neste års festival. 

Billettsalet til Glopperock 2022 i «Jølet» laurdag 11.juni, startar på Ticketco laurdag 11.desember kl.11.  

– Gloppen Musikkforum-

Scroll to top