Honndalen Soul & Funkarlag til Glopperock 2022

Bandet som får æra av å starte laurdagens program er sjølvaste Honndalen Soul & Funkarlag, som so absolutt er eit namn mange minnast når ein tenkjer tilbake på festivalhistoria og då spesielt hiten «Siloen Min».  Det er 32 år sidan dei spelte på Glopperock for fyrste gong, og med fleire innhopp på festivalplakaten gjennom åra er det fleire enn dei som var på plass i Jølet, Nordfjord Folkemuseum i 1989 som kan minnast å ha trampa takta attåt desse karane!

Vi gler oss til eit etterlengta gjenhøyr av Hallstein i Bakkja (song og kuboard), Rasmes Kaare (bass), Elljing på Bønen (slagverk), Sivert Bø (gitar, mandolin) og Jugdis i Jøla(fele)!  

Billettsalet til Glopperock 2022 i «Jølet» laurdag 11.juni, startar på Ticketco laurdag 11.desember kl.11.  

-Styret i Gloppen Musikkforum-

Scroll to top