fbpx

Glopperock går mot festival i 2022

Gjennom alle år har Glopperock hatt fokus på å invitere unge talent frå lokale trakter på scena. Vi er stadig imponert over nivået, og komande festival byr to stjerner frå kvar sin kant av Kinn! 

Andrea Santiago frå Måløy, kjend frå The Voice og Stjernekamp slår nemleg  følge med Alice Hugøy frå Florø, kjend frå  The Voice og Norske Talenter! Desse to skal få utfolde seg saman med sjølvaste Kokken Tor, coverbandheltane våre med den lokale Torbjørn Gran i spissen. Saman skal desse koke saman ei settliste beståande av låtar frå band og artistar som har besøkt Glopperockfestivalen frå starten i 1980 og fram til i dag. Historikken er lang, og her vert det låtar for alle og einkvarJ

Dei nærmaste dagane vil vi presentere artistane for neste års Glopperock, følg med!

Billettsalet til Glopperock 2022 i «Jølet», Nordfjord Folkemuseum laurdag 11.juni,  startar på Ticketco laurdag 11.desember kl.11

-Styret i Gloppen Musikkforum-

Scroll to top