fbpx

GLOPPEROCK – mimrefest, film & konsert

Glopperock feirer 40+1år med Dance With A Stranger i Trivselshagen, laurdag 28.august!

Dance With a Stranger er eit namn som har vore på Glopperockplakaten intet mindre enn fire gongar, og med det har dei vore ein sentral del av den 41år lange historia for festivalen. No er dei klare for å innta Trivselshagen, og bidra til ein jubileumskveld som inneheld både konsert og videoframsyning av godt bevarte skattar frå den friske starten i 1980 og fram til i dag. Kan det freiste med eit gjensyn med Nazareth i -85, Bonnie Tyler sine hits i -92, eller Uriah Heep i -95? Innan mimrekvelden endeleg er her har vi jobba oss godt igjennom 41år og utallige timar med videomateriale vi har fått digitalisert og friska opp. Vi samlar dei beste godbitane til ein 15 minuttars sekvens vi vil syne som ei opptakt til kveldens konsert!

Det evigunge bandet Dance With A Stranger har dei siste åra gjennomført mange konsertar og ikkje minst mange festivaljobbar: dette har gjeve meirsmak!

I sommar kjem herrane Frode Alnæs (gitar, song), Øivind Elgenes (song, gitar), Bjørn Jenssen (trommer) og musikarane, Åshild Mundal (synth, ukulele, song), Hilde Nordbakken (keyboard, song), Rune Arnesen (perkusjon) og Jørund Bøgeberg (bass), i ei frisk og vitalisert utgåve!

Her vil ein få servert hitar som Everyone Needs a Friend, The Invisible Man, Dance With A Stranger og fleire av dei meir ukjente låtane i ”ny” innpakning.

Bandet sitt verkelege gjennombrot kom i 1988, der debutalbumet selde meir enn 125 000 eksemplar og blei heidra med Spelemann-pris. Etter fleire pausar opp gjennom har bandet hatt fleire comeback, og kvar gang har gleda og energien over å spele live kjeme tilbake! Bandet spelte på Glopperock i 1988, 1990, 1994 og 1999 og er med det bandet som har spelt flest gongar i «Jølet» på Nordfjord Folkemuseum.

Dance With A Stranger hentar sin inspirasjon frå blues og jazz, soul, rock og pop, og responsen frå både presse og publikum viser at dei rett og slett er i ein særklasse. Her bør publikum kjenne sin vitjingstid for å oppleve stemninga: for ein fest det skal bli!

Arrangementet var opprinneleg planlagt siste helga i august 2020 (som er helga Glopperock starta i 1980), men dette vart utsett grunna Covid-19. I år har vi eit nytt håp om at vi kan få samle so mange som mogleg til ein etterlengta kveld i kultursalen, og håpar du vil være med oss på markeringa!

Denne kvelden vert den fyrste i ei rekke av fleire konsertar og arrangement som vi vonar å få til utover hausten, og vi ynskjer å invitere fleire band og artistar som har satt sitt preg på festivalhistoria til Glopperock gjennom fire tiår. Vi kjem tilbake på meir info om konsertane seinare. Desse arrangementa vert gjort mogleg med støtte frå vår hovudsamarbeidspartar Sparebanken Vest, og vi håpar de gler oss like mykje som oss!

Billettsalet er starta på www.trivselshagen.no

Berre 200 billettar vert lagt ut for sal, pga. Covid-19 arrangement restriksjonar.

– Styret i Gloppen Musikkforum –

Scroll to top