fbpx

Glopperock 2021 er avlyst

Heisann Glopperock venner.
Vi har gleda oss so lenge og vel til festival i «Jølet» på Nordfjord Folkemuseum, men vi har no bestemt at det ikkje vert gjennomført noko Glopperockfestival i juni 2021 på Sandane. Med regjeringa sine arrangement restriksjonar som er lagt fram og Covid-19 smittesituasjonen, ser vi oss nøydde til å heller lade opp til ei fullverdig festivalhelg til neste år. Kohortar, faste seter og fare for smittespreiing kan forhåpentlegvis være historie når vi no planlegg for Glopperock 2022.

Arbeidet med booking av artistar til Glopperock 2022 er i gang. Fleire av artistane som skulle delteke på årets festival er klare, i tillegg kjem nye artistar. Alle billettar vert automatisk overført til neste års festival. Informasjon vert sendt ut til billettkjøparar på registrert epostadresse. Fleire opplysningar kjem i slutten av mai.

Vi takkar so mykje for tolmodet, og håpar de vil være med oss på laget til Glopperock 2022, 10- 12.juni!

Gloppen Musikkforum jobbar med ei 40 års Glopperock jubileumsmarkering, med ein historisk film/video visning og konsert i kultursalen Trivselshagen i august 2021, nærmare arrangement info kjem i juni 2021.

Vi kjem tilbake på eventuelle arrangement hausten 2021.
Styret i Gloppen Musikkforum, Stolt arrangør av Glopperockfestivalen

Scroll to top