fbpx

Glopperock går mot festival i 2021.

Gloppen Musikkforum inviterer til 40+1års jubileum! Det ligg mykje rockehistorikk i museumsområdet, og no kan publikum bu seg på å skape nye minner når Glopperock 2021 går av stabelen i Jølet på Nordfjord Folkemuseum, laurdag 12.juni. Med den fantastiske arenaen og atmosfæren i botnen, ser vi veldig fram til å feire 40 år med rock og sprell saman med fjerne og nære.

Årets hovudartist stod på scena under verdas fyrste Glopperock. Året var 1980, og sjølvsagt er vi stolte av å ha med oss Åge Aleksandersen & Sambandet under neste årets festival.


Heilt sidan starten har Glopperock jamt og trutt presentert unge, lokale talent. Komande festival er ikkje eit unntak. Vi har kapra Andrea Santiago frå Måløy (kjend frå The Voice og Stjernekamp) som slår følgje med Alice Hugøy frå Florø (kjend frå Norske Talentar og The Voice). Desse to skal få utfolde seg saman med Kokken Tor, våre coverbandheltar med lokale Torbjørn Gran i spissen. Desse vil dra oss igjennom eit kobbel av låtar frå Glopperock sitt rikhaldige arkiv av band og artistar. Rosina i pølsa er Honndalen Soul & Funkarlag, som so absolutt er eit namn mange minnast når ein tenkjer tilbake på festivalhistoria.


Festivalen går av stabelen 11-13. juni. Fredag kveld vert det Hagefest på Gloppen Hotell og søndag familiekonsert i Trivselsskogen.

Scroll to top