fbpx

Glopperock 2020 i tida 12.-14. juni er avlyst

Heisann!


Saman med deg hadde vi gleda oss veldig til jubileumsfesten i Jølet på Nordfjord Folkemuseum der vi har hatt så mange gode konsertopplevingar sidan starten i 1980. Den gong som no sto Åge Aleksandersen & Sambandet øverst på plakaten. Slik vert det som kjent dessverre ikkje i år.

Regjeringa har lagt ned eit forbod mot større kulturarrangement over 500 personar fram til 1.september 2020. Den planlagde Glopperock-festivalen 12.-14.juni kan såleis ikkje gjennomførast denne helga, og heller ikkje andre helgar i løpet av sommaren i stort festivalformat i «Jølet» på Sandane. Arrangementet er såleis avlyst i år.

Arbeidet med Glopperock-festivalen 2021 er godt i gang og vi er svært glade for at årets hovudartist Åge Aleksandersen & Sambandet, samt Kokken Tor og Honndalen Soul & Funkarlag er klar for tjeneste på neste års Glopperock. Etter å ha vore i dvalemodus gjennom 2020 får vi tru at folket er klare for ein festivalopptur i «Jølet» att i året som kjem!

Kjøpte billettar til Glopperock 2020 laurdag 13.juni blir automatisk overført til neste år, og gjeld som nytt billettkjøp for Glopperock 2021 laurdag 12.juni i Jølet, Nordfjord Folkemuseum. Vi vonar du set av denne helga og du som har kjøpt billett beheld den! For å overføre billetten til neste år treng du med andre ord ikkje gjere noko som helst. Vi vil opne opp for å få refundert billetten for dei som ønskjer det, med refusjonsfrist 15.juni 2020

Informasjon om kjøpte billettar til Glopperock 2020 er sendt på e-post til alle billettkjøparar.

Vi vonar du vil hjelpe oss i denne ekstraordinære situasjonen, og håpar du beheld billetten så vi kan kome sterkare tilbake neste år. Billettkjøparane har vore tolmodige i tida vi har brukt på å få avklara forholda for årets og neste års festival, og det er vi særs takksame for.

No byrjar vi nærmast frå start igjen, men er heilt avhengige av å ha gode støttespelarar i ryggen for å kunne gå vidare!

Ta som alltid vare på kvarandre, og følg råd og tiltak ifrå helsemyndigheitene.

Styret i Gloppen Musikkforum.


Scroll to top