Under ein pressekonferanse i 2023 annonserte Åge Aleksandersen at turnèen i 2025 ville bli den siste for Åge & Sambandet. Etter nærare 50 år og uttallige konsertar skal historia rundast av, og Glopperock er med på eventyret! Bandet har spelt på festivalen vår fire gongar tidlegare, mellom anna under verdas fyrste Glopperock i 1980. Etter eit langvarig og godt samarbeid gjennom mange år er det naturleg for både Åge og oss at vi tek ein siste dans!
Turnèen har fått enorm merksemd, og avsluttast med tre utselde konsertar på Lerkendal. Då kunne ikkje vi være noko dårlegare, og legg difor festivalen til vår lokale variant: Sandane Stadion!
Laurdag 14.juni er dagen det skal skje, so sett av datoen i kalenderen og gled deg til å Levva Livet ein minnerik junikveld.