GLOPPEROCK: Ungdomskonsert med Vidar Villa og Oselie torsdag 15.august kl. 19.00 i Trivselshagen

0

Oselie Henden, eller berre Oselie som er artistnamnet hennar, vann Melodi Grand Prix junior i 2017, med den eigenkomponerte låta «Verda vår». Eidajenta er 16 år, men likevel røynd på scenegolvet. Talentet har ho fått vist fram under Ungdomens kulturmønstring fleire gongar, og allereie som 11 åring var ho med i Norske Talentar.

Oselie seier dette om vinnarlåta «Verda vår»:
– Eg vart inspirert av flyktningkrisa, og at det har kome so mange nye folk her til landet.
Vi må ta vare på alle saman, og eg har fleire vener som er flyktningar.

Dersom ein skal dømme etter oppslutnaden som forgjengarane hennar, nemleg Vilde og Anna, fekk på festivalscena i fjor, er det god grunn til å vente seg god stemning på konserten.

Vi gledar oss til å ta imot Oselie og høyre ho i Trivselshagen, torsdag 15.august kl.19:00

Billettsal: www.trivselshagen.no

Villa har det siste året vore mellom Norge sin mest strøyma artistar, med låtar som «One Night Stand», «Det Er Fest», «Et Par Rolige Shots Med Gutta» og «Herregud».
Vidar André Grødset Mohaugen best kjent under artist namnet Vidar Villa, er ein norsk musikar og songar frå Skedsmokorset. Han er kjent for norskspråklege festlåtar som «One Night Stand» og «Herregud». I 2017 hadde låtane hans over 27 millionar strøymingar på nett, og han var ein av deltakarane i Melodi Grand Prix 2018 med låta «Moren din».
Vidar Villa har gjeve ut singlane; «Et par rolige shots med gutta» (2017), «One Night Stand» (2017), «Det er fest» (2017), «Herregud» (2017), «Skjærgården 2017» (2017), «Når sola står opp» (2017), «Når julen kommer» (2017), «Nissen må skjerpe seg» (2017), «Moren din» (2018), «Jenter» (2018), «Sjalu» (2018), «Plan B» (2018), «Hitparade» (2019) og fleire låtar kjem utover sommaren 2019.
Torsdag 15 august 2019 kl. 19.00 spelar Vidar Villa og musikarane hans på Glopperock sin ungdomskonsert i Trivselshagen på Sandane . Billettsal: www.trivselshagen.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *