Kari Bremnes til Sandane fredag 16. august.

0

Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk – er ord som kan knytast til Kari sin musikk. Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes. Frå det lysaste til det ganske mørke og rå.
Og heile tida med ein nærleik til folk og livsskjebne. Kari har skreve songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum. Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.

Kari Bremnes band er: Børre Flyen-Trommer, Petter Unstad-Bass/vokal, Børge Petersen-Øverleir-gitar, Bengt E. Hanssen-Tangentar/vokal, Geir Østensjø-lyd.

Glopperock har i mange år jobba for å få Kari Bremnes til Sandane og er glade for å lukkast. Konserten er svært ressurskrevjande og er einaste ho held i Sogn og Fjordane i år.

Fredag 16. august kl.20.00 held Kari Bremnes med band konsert i kultursalen i Trivselshagen, under Glopperock 2019. Denne kvelden får du ein opplevingsrik konsert med ein av Norges største artist. Vi gleder oss!

Ordinært billettsal er starta  på www.trivselshagen.no

Produsert av: Gloppen Musikkforum arrangør av Glopperock festivalen 2019

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *