Ola Tennes og Ingrid Wergeland Hansen Glopperock fredag 24 august i Trivselshagen

0

Ola Tennes er ein Oslo-basert visesongar frå Sandane. Han har skreve songar og spelt i ulike konstellasjonar i ei årrekke, men gjev fyrst no ut musikk under eige namn. Ola syng songar om augeblikk – eller om lengre drag. I spennet mellom sing-along og traurig. Ofte er det tekstar som får melodiar meir enn omvendt. Tekstar der ein kan finne seg sjølv i, eller ein annan, eller ingenting.

I vår slapp han sine to fyrste singlar, «En av dem» og . «Tonsenhagen torg». Låtane blei produsert av Ørnulv Snortheim i Dakkota studio, og er å finne der du strøymar musikk.

Fredag 24. august kl.20.00 spelar Ola Tennes (song og gitar) og Ingrid Wergeland Hansen (vokal og tangentar) support konsert før deLillos i kultursalen i Trivselshagen.

Produsert av: Gloppen Musikkforum- Glopperock2018

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *