GLOPPEROCK; Ungdomskonsert torsdag 23.august i Trivselshagen

0

Ungdomskonsert i kultursalen Trivselshagen torsdag 23.august kl. 19.00.

HALIE, VILDE OG ANNA, SOFIA til Glopperock ungdomskonsert torsdag 23 august på Sandane

HALIE til Glopperock Sandane torsdag 23.august.

Rett og slett eit eksepsjonelt musikalsk talent frå Bergen. 17 år gamle HALIE gjorde vanvitig stor suksess på livedebuten sin under bransjetreffet Vill Vill Vest 2017, som gav ho ein eventyrlig seksar–anmelding frå Engelen i BT, mens sjølvaste NME trakk ho fram som høgdepunkta på festivalen. Halie sin fyrste låt, Echo blei slept i fjor.

Ho spelte på Norden sitt største TV-show, Skavlan i februar – forøvi fyrste gang i showet si historie at dei introduserer ein så fersk artist. HALIE framførte sin nye singel, Youth.

Ho nærmast regjerte spådommar til årets by: Larm der ho hausta stappfull konsert på Sentrum Scene med etterfølgjande lang rekke anmeldingar hylla og fekk være sjølve gjesten i Laurdagsrevyen.

I sommar er Halie booka til mange store festivalar i Norge. Trass si veldig ferske karriere vert ho hylla av ein samla norsk musikkbransje og svært mykje spelt på radio.

Halie er eit eksepsjonelt musikalsk talent frå Bergen, med ei heilt fantastisk stemme som blåsar dei fleste av bana, saman med bandet sitt spelar ho på Glopperock sin ungdomskonsert i Trivselshagen

Vilde og Anna til Glopperock torsdag 23.august.

MGPjr vinnarane 2016 Vilde og Anna er klare med nytt humørfylt show som inneheld både nye og gamle songar i Trivselshagen.

Vilde og Anna er ein norsk songduo frå Nordfjordeid. Duoen syng og skriv sine eigne pop-låtar. Jentene er kjent for melodiøse og fengande songar med enkle og tydelige tekstar på norsk. Jentene slo gjennom då dei vann MGP Jr i 2016 med songen «Vestlandet». Sidan då har dei reist rundt i heile Norge og opptredd på konsertar og festivalar, og også deltatt i fleire underholdningsprogram på riksdekkande TV.

Duoen har slept 2 songar i desember (Vintertid og Gje blaffen) og gav ut ein EP med totalt 4 songar i februar. Songane Vintertid, Gje blaffen og Vestlandet har blitt hyppig spelt på radioen og har gode streamingtall på Spotify og andre strømmetenestenester. Songen Vestlandet har for lengst passert 3 millionar streamingar på Spotify, og songen har fått ein heilt spesiell posisjon for barn og vaksne, både på Vestlandet og elles i landet.

Torsdag 23. august kl.19.00 held Vilde og Anna konsert i kultursalen i Trivselshagen, under Glopperock 2018 sin barne- og ungdomskonsert. Jentene kjem i 2018 med eit splitter nytt og fartsfylt show, med massevis av humor og med ei blanding av eigne songar og andre kjente MGP-songar og populære poplåtar

Sofia til Glopperock ungdomskonsert torsdag 23.august.

Sofia Hyttedalen, 17 år frå Sandane har skreve musikk frå ho var ganske lita, og har produsert dei fleste låtane så langt .

Gått vegen frå UKM til Draumestipend, til Lutt-pris for ungt talent, til P3-listing og Malakoff.
Mest kjent for å ha skreve tekst og melodi på Coucheron-låta «Loud» der ho også syng vokalen. Låta er strøyma 1,5 millionar gonger på Spotify .

Sofia er kjent for å ha ei modig stemme i tekstane sine, og ei klar og rein stemme som verkeleg treff deg som høyrer. Sofia meiner noko og vil noko. .

Ho samarbeider med dyktige artistar og produsentar i Oslo, og jobbar for tida mykje i studio med låt skriving. Målet er å gje ut ny eigen musikk i sommar!

I tillegg til Sofia skal Vilde og Anna og Halie spele under Glopperock ungdomskonsert i kultursalen Trivselshagen torsdag 23.august. Billettsalet startar er starta på www.trivselshagen.no

Produsert av : Gloppen Musikkforum- Glopperock2018.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *