deLillos til Sandane og Glopperock for fyrste gong fredag 24 august

0

deLillos til Sandane fredag 24. august.

Eit av Norges viktigaste rockeband deLillos kjem til Trivselshagen og Glopperock for fyrste gong!

Oslo-bandet deLillos starta opp allereie i 1984 fronta av Lars-Lillo Stenberg. Med ei enorm mengde hits i kofferten har verkeleg deLillos bevist seg å være eit av dei fremste innafor norsk rock. Med eit lett naivt tekstunivers med livlege gitarar og Lars-Lillos’ velkjente og særeigne vokal, er alt dei har gjort nærmast som kulturskattar å rekna. Og folkefavorittane «Smak av honning», «Neste sommer», «Flink», «Kokken Tor» og «Tøff i pysjamas» vil for alltid stå fjellstøtt både live og i det gode gamle albumformatet.

Gruppa blir rekna som ein av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-tallet og frem til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne blir deLillos referert til som ein av dei fire store norske rockegruppene.

deLillos har vunne heile tre Spelemannsprisar i si karriere og gav i 2014 ut det kritikarroste albumet «Rett og slett livet» som hamna på 1.plass på både iTunes og VG i tida etter. I 2015 feira bandet 30 år som band og spilte alle sine 15 album live på 10 dagar på Popsenteret til stor suksess. I tillegg gav dei ut 4 samlealbum og boka «Glemte minner- historien om 230 deLillos-sanger». Desember 2017 kom live albumet «deLillos – Sveve over byen med Kringkastingsorkesteret» . Eit band som fortsatt helde koken med andre ord. Vi gleder oss!

Fredag 24. august kl.20.00 held deLillos ein akustisk konsert i kultursalen i Trivselshagen, under Glopperock 2018. Denne kvelden får du ein «unplugged» hitparade frå eit av Norges største rockeband.

Billettsalet startar måndag 30.april kl.08.00 på www.trivselshagen.no

Arrangør: Gloppen Musikkforum- Glopperock2018-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *