ADAM IMPONERTE OG BEGEISTRA

0

FIRDA TIDEND 26.MARS 2018 Aadne Gloppestad.:

Adam Douglas tykte publikum i kultursalen i Trivselshagen var strålande, og publikum tykte det same om Stjernekamp-vinnaren. Slikt blir det god stemning av.

Gloppen Musikkforum booka inn Adam Douglas med band til konsert på Sandane kort tid før norsk-amerikanaren begeistra heile Noreg og gjekk til topps i NRK-sende Stjernekamp sist haust. Det var eit svært smart trekk. Billettane vart rivne vekk i løpet av få dagar, og det vart sett opp ekstrakonsert. Laurdag spelte Douglas for to smekkfulle hus i Trivselshagen.

Douglas presenterte ei fin blanding av pop, soul, blues og rock’n roll, og hadde god kontakt med publikum undervegs. Han la ikkje skjul på at det var stor stas å vere på Sandane, og ein nøgd tilhøyrar kvitterte med «du er flinke».

To ekstranummer måtte til før publikum, mange av dei tilreisande, var nøgde. Dei hadde då fått vere vitne til ein glimrande konsert av ein folkeleg musikar som leverte varene som venta – og vel så det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *