Adam Douglas til Trivselshagen 24 mars

0

Ekstrakonsert med Stjernekampvinnaren i Trivselshagen på Sandane

Adam Douglas med band
– Multitalent i ekte soulforpakning!

Billettane til første konserten vart utseld på få dagar og vi har vore så heldige å få sett opp ein ekstrakonsert kl.20.30 laurdag 24.mars 2018.

Med sin «nice guy»-fremtoning, hatten på hovudet, og gitaren lada har Adam Douglas spelt seg inn i hjarta til heile Norge på laurdagskveldane i haust. No kjem han til Trivselshagen med fullt band.

Amerikaneren Adam Douglas har for lengst etablert seg i Norge som ein av dei aller beste soulstemmane det norske publikummet har sett. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har
han spelt og samarbeida med mange internasjonale storleikar som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Også fleire norske artistar i toppsjiktet, som Marit Larsen, Frode
Alnæs og Vidar Busk, har hatt den store gleda av å samarbeide med Adam.

Eit heilt sjeldan særpreg kjenneteiknar Adam sin musikk og fantastiske stemmeprakt, kor ein fort kan få assosiasjonar tilbake til dei ekte soul- og bluesrøtene frå hans heimland. Likevel famnar det
musikalske uttrykket hans breitt, og anmeldarane sparte ikkje på godorda då hans debutalbum,
”I May Never Learn”, blei slept i 2015. Frå same album hadde han stor suksess med låta
«I Once Was An Honest Guy», som vi alle kjenner igjen frå finalen i Stjernekamp.

Når Adam Douglas med band kjem på besøk vil publikum få oppleve ein folkeleg og ekte musikkleveranse som famnar det beste av pop, folkemusikk, RnB, country og rock’n roll!

Ekstrakonserten er i Trivselshagen laurdag 24. mars kl. 20.30 og billettsal på www.trivselshagen.no eller direkte i kafe Trivselshagen og på servicetorget.

Konserten er produsert av Gloppen Musikkforum-Glopperock

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *