THE POOR BOYS CC REVIVAL BAND og RUNE&BRAHIM

0

The PoorBoys2Glopperock klubbfestival med The Poor Boys CC Revival Band og partyduoen Rune&Brahim i Gimle Sandane laurdag 19.august.

The Poor Boys CC Revival Band omtalas av arrangørar og fans som Noregs råaste Creedence tribute band. Bandet har base i Bergen og turnerar Sør-Norge på kryss og tvers. Spelejobbar varierer frå store festivaljobbar som Seljordfestivalen, dansefestar, pubjobbar til musikklubbar. Creedence er tidlaus musikk som når dei fleste uansett om ein likar country, blues og rock’n roll. I 2016 delte The Poor Boys CC Revival Band scene med storheter som Nazareth og Bellamy Brothers.

The Poor Boys har ivareteke sjela i Creedence musikken. Bandet spelar med stor intensitet og med ein ærlegheit som gleder alle Creedence hjerta. John Fogerty ville utvilsamt vore svært fornøgd etter ein kveld med The Poor Boys CC Revival Band.

Medlemmer i The Poor Boys CC Revival Band er: Karl Henrik Svensson (gitar/vokal), Hans Tore Hansen (bass/vokal), Tormod Kayser (trommer) og Helge Laastad (gitar).

Rune og Brahim promo

Partyduoen Rune & Brahim.
R & B er ein ekstremt samspelt powerduo. Med bass og gitar og tostemt song groovar dei seg igjennom dei fleste sjangrane. Funky pop og rock frå 90-tallet og nyare ting du garantert vil dra kjensel på lagar basis for repertoaret. Med lang fartstid og godt humør garanterer gutane ein groovy musikkfest i kjellaren . Arrangementet har 18 års aldersgrense og servering.

The Poor Boys CC Revival Band spelar i salen oppe laurdag 19 august under Glopperock klubbfestival 2017 sin Classic-rock kveld, med konsert og dans i to etasjar for eit feststemt publikum i alle aldrar.

-Gloppen Musikkforum,Glopperock2017-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>