TO RUSTNE HERRER

0

«

To Rustne Herrer er Jonas Fjeld og Ole Paus. Fri bruk til presse. Foto: Stageway
To Rustne Herrer er Jonas Fjeld og Ole Paus.

Hvis helsa holder» – The Show i Trivselshagen Sandane fredag 18. august.
Ole Paus og Jonas Fjeld er tilbake som To rustne herrer og feirar sitt 20-årsjubileum med nytt show.

I september 2016 var det duka for storslått premiere på Chat Noir i Oslo. Deretter tek herrane med seg gitarane på turné land og strand rundt.

Mykje har skjedd sidan 1996. Mellom anna har vi fått mobiltelefonar, Internett og strømming av musikk. Men det hindrar ikkje to av Noregs ubestridde musikalske storheter frå å tørke støv av gamle songar og gitarar. I tillegg er duoen allereie i gang med å skrive nye songar saman.

Kvar for seg har dei bak seg eventyrlige karrierar og har sunge seg inn i den norske folkesjela. Og begge har dei fått stadfesta sin posisjon som landets største låtskrivara gjennom ny tolkingar i «Hver gang vi møtes» på TV2.

Ole Paus (70) har medverka på heile 42 plateutgjevingar sidan 1970, og annonserte i 2013 at han legger opp som plateartist. Han blei i 2015 innlemma Rockheims Hall Of Fame.

Jonas Fjeld (64), som eigentleg heite Terje Jensen, har sidan 1972 lagt bak seg ein betydningsfull diskografi både med Jonas Fjeld Band og som soloartist.

Som To rustne herrer har duoen gjeve ut «To rustne herrer» (1996), «Damebesøk» (1998), «Tolv rustne strenger« (2003) og «Hvis helsa holder – The Album» (2016).

Velkommen til ein strålende kveld i Trivselshagen på Sandane fredag 18. august med To Rustne Herrer, under Glopperock sin opningskonsert, som ønskjer å røre, få deg til å le, gråte og klaske hendene saman i rein begeistring – «hvis helsa holder».

Billettsal på www.trivselshagen.no –

trykk link under

https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=229&arrnr=3221

 

-Gloppen Musikkforum- Glopperock2017-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>