TO RUSTNE HERRER

0

«

To Rustne Herrer er Jonas Fjeld og Ole Paus. Fri bruk til presse. Foto: Stageway
To Rustne Herrer er Jonas Fjeld og Ole Paus.

Hvis helsa holder» – The Show i Trivselshagen Sandane fredag 18. august.
Ole Paus og Jonas Fjeld er tilbake som To rustne herrer og feirar sitt 20-årsjubileum med nytt show.

I september 2016 var det duka for storslått premiere på Chat Noir i Oslo. Deretter tek herrane med seg gitarane på turné land og strand rundt.

Mykje har skjedd sidan 1996. Mellom anna har vi fått mobiltelefonar, Internett og strømming av musikk. Men det hindrar ikkje to av Noregs ubestridde musikalske storheter frå å tørke støv av gamle songar og gitarar. I tillegg er duoen allereie i gang med å skrive nye songar saman.

Kvar for seg har dei bak seg eventyrlige karrierar og har sunge seg inn i den norske folkesjela. Og begge har dei fått stadfesta sin posisjon som landets største låtskrivara gjennom ny tolkingar i «Hver gang vi møtes» på TV2.

Ole Paus (70) har medverka på heile 42 plateutgjevingar sidan 1970, og annonserte i 2013 at han legger opp som plateartist. Han blei i 2015 innlemma Rockheims Hall Of Fame.

Jonas Fjeld (64), som eigentleg heite Terje Jensen, har sidan 1972 lagt bak seg ein betydningsfull diskografi både med Jonas Fjeld Band og som soloartist.

Som To rustne herrer har duoen gjeve ut «To rustne herrer» (1996), «Damebesøk» (1998), «Tolv rustne strenger« (2003) og «Hvis helsa holder – The Album» (2016).

Velkommen til ein strålende kveld i Trivselshagen på Sandane fredag 18. august med To Rustne Herrer, under Glopperock sin opningskonsert, som ønskjer å røre, få deg til å le, gråte og klaske hendene saman i rein begeistring – «hvis helsa holder».

Billettsal på www.trivselshagen.no

-Gloppen Musikkforum- Glopperock2017-

KENNET B TIL GIMLE LAURDAG 13.AUGUST

0

KennethB-bilde2KENNETB TIL SANDANE LAURDAG 13.AUGUST I GIMLE
Kenneth B er tilbake for fullt, no innteke 33 åringen klubbscena for alvor, Kenneth B er tidlegare kjent frå utallege klubb konseptet frå byrjinga  av 2000 tallet, vi kan nemne nokre  som Ministry of Sound, Summerparade, Hard Dance Mania osv.

Han er kjent for å være ein dj som  bevegar seg i heile det elektroniske aspektet og som verkeleg beveger publikummet sitt.

Nå har Kenneth tatt tak i produseringa  og kjem med sin fyrste singel på lenge den 20 Juli 2016 på Spotify og Itunes for å nemne nokre. I tillegg jobbar Kenneth med mange nye artistar framover. Så det er bare å merke seg namnet  med ein gong. I denne «vrimlen» av unge produsentar stikker Kenneth seg ut som ein erfaren dj med mykje kunnskap om musikk. Derfor er han spådd ei strålande karriere som musikk produsent.

Kenneth B har delt dj pult med storheiter som Tiesto, Seb Fontaine, Dj Jean, Dj Jose, Klubbheads, DJ simple, Mark Hughes, Dj Friendly, Luis Molinari osv.

Laurdag 13.august spelar Kenneth B  før og etter konserten med Katastrofe, under Glopperock sin klubbkonsert i Gimle på Sandane.

GLOPPEROCK 2016: KATASTROFE TIL SANDANE LAURDAG 13.AUGUST

0

 

 

KATASTROFE er strøyma meir enn 80 millionar gonger, noko som gjer han til ein av Norges mest spelte artistar. Laurdag 13.august hald han ungdomskonsert i Gimle.
Med superhits som «Bleik og sur» ,»Maria» og «Pattaya» i ermet, gav han ut nok ein platina-hit i 2015 – «Typisk Norsk» feat. Alexander Rybak. Låta er strøyma over 6 millionar gonger, og blei både temalåt under Handball-EM i Danmark og ein av fjoråret sine største afterski-anthems. Katastrofe er for øvreg med både som låtskrivar og gjesteartist på Marcus & Martinus’ «Elektrisk», noko som har introdusert han til endå fleire tilhøyrarar både i Norge og i utlandet.
I vår slapp Katastrofe sommarlåta «Sangen Du Hater» – eit gladoppgjer med dei menneska som suger energi ut av deg. Låta kapra straks #1 på både Spotify og VG-lista, der den blei liggande på topp på begge listene i imponerande to veker i strekk. «Sangen Du Hater» er snart dobbel platina og ein av våren sine desidert største hits i Norge.

Konserten/festen med Katastrofe går inn i Glopperock 2016 si konsertrekke. Før og etter showet spelar ein disk-jockey. Arrangementet har 18 års aldersgrense. Førehandsalet er starta på www.trivselshagen.no i forslag kr. 300.- ved innngang kr. 350.-  Avgrensa med billettar.

KATASTROFE er ein av Norges største partyartistar har hatt følgjande hitlåtar på VG-lista; «Maria», «Bleik og Sur», «Pattaya», og «Sangen du Hater» som toppa VG lista i mai i år. Det blir noko høg stemning når Katastrofe slår til med desse hitane i Gimle laurdag 13.august. Dørene opnar kl. 21.00.
Gloppen Musikkforum – Glopperock

GLOPPEROCK 2016: INGEBJØRG BRATLAND TIL SANDANE – KULTURSALEN I TRIVSELSHAGEN SØNDAG 14 AUGUST

0

Glopperock 2016

Ingebjørg Bratland er ein av Norges mest populære artistar

ein av Norges fremste unge utøvarar innan vokal folkemusikk
Ingebjørg har med si unike stemme utmerka seg som ein utøver som går nye vegar og som gjerne utfordrar sine musikalske røter innan folkemusikk. Mange hugsa Ingebjørg som “hun som fikk kongen til å gråte”, då ho song ”Den fyrste song” for Kong Harald, på hans 70-årsdag.

Ingebjørg, født i 1990 i Vinje i Telemark, skrive sine eigne låtar og akkompagner gjerne seg sjølv på gitar. Tross sin unge alder har Ingebjørg rekt å bli ein om reisande og scenevant artist og har opprådt med artistar som bla Frikar, Odd Nordstoga og Tord Gustavsen.

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga gav ut albumet ”Heimafrå” og fekk strålande kritikkar, og stakk av med ein Spelemannspris i klassa for folkemusikk/tradisjonsmusikk i 2013.

I 2014, kom Ingebjørg ut med si fyrste soloplate, «Berre Meg», Låta “Ingen e som du” blei ein hit og tok dette vakre vise-pop-albumet til Spelemann-nominasjon i visekategorien.

Ingebjørg Bratland har brukt store delar av 2015 til å forberede sitt nye album «Månesinn», som fekk fantastisk mottaking i november i fjor. Låtane «Stjernene» «Ljos» og «Fordi eg elskar deg» har blitt A-lista på P1, desse markerer Bratlands nye spanande musikalske retning, som beveger seg frå folkemusikk mot pop/rock. Med den nye plata tek ho steget inn i toppsjiktet blant låtskrivarar og tekstforfattarar, og markerar ei ny side av sitt store talent.

Ingebjørg Bratland (song) har med seg dyktige musikarar;, Gard Nilssen (trommer), Haldor Røyne (gitar), Øystein Moen (tangentar), Pablo Tellez (bass) – vi gler oss stort.

søndag 14. august, kl 18.00, kultursalen i Trivselshagen
Billettar: Kjøp elektronisk www.trivselshagen.no   – eller kjøp direkte ved servicetorget på heradshuset

For oppdateringer trykk «liker» på www.facebook.com/glopperock.